Kort fortalt

Gråbleke tider på dansegolvet

Sverige kan stå føre dansebandkrise.

05.01.2021
NPK-NTB-TT: Mange svenske danseband har måtta leggje opp eller permittere medlemmer under pandemien. Mange fryktar koronaen kan bety slutten for den populære sjangeren.
– Dette har vore noko av det verste eg har opplevd. Vi har ikkje hatt jobb sidan slutten av februar. Ingen veit når vi kjem i gang igjen eller om spelestadene framleis vil eksistere, seier orkesterleiar i Lasse Stefanz, Christer Ericsson.
– Når vi endeleg startar opp igjen har kanskje dansarane fått seg nye interesser. Det kjennest nesten køyrd ut, dette med dans, legg han til.
Så mykje som ti danseband kan måtte leggje heilt ned som følgje av koronapandemien. Dette vil gi store utslag i industrien, seier dansebandekspert og redaktør i dansebandmagasinet Får jag lov, Thomas Deutgen.
– Dansebandbransjen omset for ganske mykje pengar, men talet på band som speler, er ganske lite. Det betyr at dersom ti band forsvinn, blir bransjen påverka, seier han.

Publisert: 05.01.2021 13:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23