Kort fortalt

Gründer vil satse på insektproduksjon

Snart kan du ete insekt frå Stordal.

03.03.2020
(NPK): Selskapet NorInsect har mål om å starte kommersiell insektprodukjson innan kort tid, i første omgang til dyrefôr.
Satsinga er eit FoU-prosjekt som skjer i samarbeid med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen (NIFES), fortel . Ein analyse som peiker på eit auka framtidig proteinbehov ligg til grunn, og insekt er ei berekraftig kjelde til protein, fortel avisa.
– I store delar av verda er insekt normal mat for menneske. Eg trur dette vil kome meir og meir også i vår del av verda, men det vil ta noko tid. I mellomtida vil det vere aktuelt å nytte insekt som ingrediensar i dyrefôr, seier Peder Stavdal Vikenes, som no etablerer verksemda NorInsect AS. (©NPK)

Publisert: 03.03.2020 12:45

Sist oppdatert: 22.03.2021 15:33