Kort fortalt

Går saman for å sikre sjølaksefisket

Vil «berge siste rest», seier fiskarlagsleiaren.

20.02.2020
(NPK): Fiskarlaget, Sametinget og sjølaksefiskarar sameiner krefter for å sikre framtida til sjølaksefisket etter fleire innstrammingar.
– Vi har tatt eit felles initiativ overfor myndigheitene våre for å berge siste rest av sjølaksefisket. Vi kan ikkje vere kjenningar av at dette tradisjonsrike fisket er i ferd med å bli lagt ned og vi fekk eit godt møte med øvste fagmyndigheit, sa leiar Kjell Ingebrigtsen i Norges Fiskarlag til etter eit møte med Klima- og miljødepartementet måndag.
Under møtet blei det vist til at regelverket for utøving av fisket har blitt stadig strengare og at sjølaksefiskarane slik sett har tatt ei stadig større byrde i forvaltinga. Det blei òg gjort eit poeng av at det har blitt strengare reguleringar trass i dokumentert auke i bestanden.
(©NPK)

Publisert: 20.02.2020 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30