Kort fortalt

Halvert eksport sidan i fjor

Gasseksporten stupte samanlikna med 2022.

15.08.2023

(NPK-NTB): Etter ekstremverdiane i utanrikshandelen med varer i fjor, har eksporten no byrja å flate ut.

Noregs eksport av varer enda på 133,3 milliardar kroner i juli. Importen enda på 72 milliardar kroner, viser tal frå SSB.

– Lågare eksport av naturgass er hovudårsaka til fallet i eksporten. Denne nedgangen er forårsaka av lågare gassprisar i år samanlikna med 2022, då prisane var veldig høge, seier seksjonsleiar Therese Vestre i SSB.

Fallet i eksporten av naturgass var i kroner og øre på nesten 80 prosent i juli, samanlikna med same månad i fjor. Eksporten har stabilisert seg dei siste tre månadene.

Handelsoverskotet enda på 61,3 milliardar kroner i juli, tilsvarande ein nedgang på 60 prosent samanlikna med same månad i 2022.

Dei høge gassprisane i fjor førte til at Tyskland vart Noregs viktigaste eksportdestinasjon i 2022. Landet har behalde denne posisjonen så langt i år, trass i fallande gassprisar.

Tyskland er så langt i år også det viktigaste landet på importsida, og passerer dermed Sverige og Kina.

Publisert: 15.08.2023 11:41

Sist oppdatert: 15.08.2023 11:42

Mer om