Kort fortalt

Halvert handelsoverskot i 2023

15.01.2024

(NPK-NTB): Handelsoverskotet halverte seg frå 2022 til 2023. Overskotet på 849 milliardar kroner er likevel det nest høgaste nokosinne.

– Lågare gassprisar er hovudårsaka til nedgangen, skriv SSB måndag morgon.

Tala for utanrikshandelen med varer i fjor viser at det vart utført varer for totalt 1873 milliardar kroner, noko som er ein nedgang på 29,7 prosent samanlikna med 2022.

Inntektene frå gasseksporten var heile 55 prosent lågare enn året før. Dei reduserte gassprisane kjem mellom anna av betre tilgang på flytande naturgass og fyllingsgrad i europeiske gasslager.

– Gassprisen har lege på eit betrakteleg lågare nivå enn i rekordåret 2022. Likevel er prisen framleis dobbelt så høg samanlikna med normalen i åra før uroa i gassmarknaden starta, seier seksjonssjef Therese Vestre i SSB.

I 2023 var utanrikshandelen prega av at krona har vore eksepsjonelt svak, men rentehevinga i desember bidrog til at den norske krona styrkte seg mot utanlandsk valuta.

Ei svakare krone verkar positivt inn for lønnsemda i eksportretta industri, medan importvarene blir dyrare.

Publisert: 15.01.2024 10:02

Sist oppdatert: 15.01.2024 14:01

Mer om