Kort fortalt

Handelen fall kraftig i desember

Mest fall for elektronikk.

28.01.2021
NPK-NTB: Nye tal for norsk forbruk viser at detaljhandelen fall med heile 5,7 prosent frå november til desember i fjor.
Fallet i detaljhandelen i julemånaden kjem etter ein auke på 2,9 prosent frå oktober til november, skriv . Koronapandemien har påverka handlevanane til nordmenn og vrei i fjor konsumet over frå tenester til varer. Også fallet i grensehandelen og nordmenns reduserte reising påverkar tala.
Det er nedgangen i salet av elektronikk i butikk som bidrog mest til nedgangen. Også det faktumet at nordmenn i større grad handla inn til jul i november forklarer fallet i detaljhandelen.
Viss ein samanliknar med same periode året før, er likevel det innanlandske forbruket målt gjennom detaljhandel 8 prosent høgare enn i desember 2019.

Publisert: 28.01.2021 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23