Entreprenørane i Peab K. Nordang er i ferd med å avslutte eit nytt godt år.
Dagleg leiar Kjetil Nordang fortel til Nett No at dei ligg an til å halde omsetninga på rekordnivået frå 2023. Då nådde dei neste 800 millionar kroner.
Fjoråret sikra også eit solid overskot på nær 50 millionar før skatt. Sjølv om det er blitt tøffare på fleire måtar, reknar Nordang med at dei vil klare å levere gode tal også i 2024.
– Vi har ikkje hatt nokre «utforkøyringar», seier Nordang og flirer over at journalisten må få forklart omgrepet som blir nytta når eit prosjekt «blir køyrt i grøfta» i overført betydning.
– Det er dei prosjekta som er kostbare for oss. Då kan heile året vere tapt, seier han.
Les også
Historisk låg bustadbygging
At selskapet med hovudkontor i Stranda gjekk inn i 2024 med solid ordrereserve, er noko av forklaringa på at entreprenørselskapet har halde aktiviteten oppe.
Samtidig har det ikkje mangla utfordringar både på den eine og andre måten:
– No har det vore alt frå grunnrenteskatt, formuesskatt og rente som har gitt utfordringar på ulike vis, seier Nordang.
Samtidig er bustadbygginga historisk låg.
– Der har ting gått drastisk ned, men det er eit bra næringsliv i Møre og Romsdal, som gjer at vi likevel har noko å gjere heile tida, seier Nordang.
Eitt av dei store spørsmåla no er kva tid bustadbygginga tek seg opp igjen.
– Det vil kome tilbake på eit tidspunkt. Så er spørsmålet om ein då vil få ein usunn marknad med eit gap mellom tilbod og etterspurnad, legg han til.

Nytt oppdrag i Nørvevika
Før helga kunne Peab K. Nordang fortelje om eit nytt oppdrag:
Oppføringa av eit næringsbygg i Nørvevika der Ocean Supreme og Norwegian Seafood Company skal flytte saman og etablere eit kontorfellesskap.
Nordang fortel at oppdraget betyr mykje, og at han sett pris på at sjømat-aktørane tør å satse slik dei gjer.
– Eg trur det ligg ein del lokalpatriotisme bak denne avgjerda, seier han.

Offentleg saksbehandling skapar usikkerheit
Nordang fortel at mange deira kring 150 tilsette for tida jobbar på oppdrag i Ålesund-området. Det er mindre å gjere i kommunane rundt for augneblinken.
Samtidig meiner han fleire år med lang saksbehandlingstid og utfordringar med utsleppsløyve i Ålesund, har bremsa det som kunne vore ein endå høgare aktivitet.
– Det er både prosjekt og kapital, men tidsbruken og usikkerheita kring den offentlege saksbehandlinga, er ei kjempeutfordring for ein byggherre. Og det går igjen direkte utover vår bransje, seier han.
Publisert: 19.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.11.2024 00:41