Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen kunne torsdag feire bursdag med levering av «den største bursdagsgåva nokon sinne».
Det skriv reiarsjefen på Linkedin etter at skroget til Rem Offshore sitt nye konstruksjonsskip Rem Pioneer blei levert til verftet av heavyliftaren Seaway Osprey.
Sjå video av skipet på Facebook
Operasjonen med å senke konstruksjonsskipet ned i sjøen og flyte det inn til kai ved verftet blei fullført ved 12-tida.
– Vi er veldig happy og dette har gått som smurt. Vi er glad for at vi valte denne løysinga og no ser vi fram til sommaren då skipet skal leverast, fortel Andersen til Nett No.

Transporten starta frå skrogverftet i Vietnam tidleg i oktober. Metoden med tørrtransport gjer at turen til verftet på Sunnmøre går langt raskare, enn ved å slepe skroget.
Målet til Rem Offshore er å få skipet levert før tida – og dermed sikre fleire dagar ute i oppdrag for skipet.
Reiarlaget har også eit skip til under bygging ved verftet. Det neste skroget kjem ifølgje planen til verftet neste sommar.
Publisert: 27.11.2025 13:40
Sist oppdatert: 27.11.2025 13:40






