Kort fortalt

Har fått nytt smittevernutstyr

Skal sendast rundt til kommunane.

23.03.2020
NPK-NTB: I natt kom det ei stor last med smittevernutstyr til sentrallageret til Helse sør-aust i Skedsmo. Det blir no sendt vidare til kommunar over heile landet.
I lasta er det mellom anna ein million munnbind, skriv .
Utstyret kom med fly til Noreg før det vart frakta direkte til Skedsmo. Det blir no køyrt vidare til kommunar der behovet er størst. Allereie har Oslo og Kristiansand fått utstyr.
Statsminister Erna Solberg var til stades då trailerane vart sende av garde.
– Eg tykkjer dette er veldig bra. Det har vore eitt av dei kritiske punkta våre – har vi nok, og får vi nok smittevernutstyr? sa ho til NRK.
Ho vil ikkje seie noko om kvar utstyret kjem frå.

Publisert: 23.03.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29