Kort fortalt

Har kjøpt Bourbon-skip

Kvamsøy-satsing på havbruk.

30.12.2019
Kvamsøy-selskapet Beitveit Holding har kjøpt supplyskipet Bourbon Liberty 120 med planar om å nytte båten i samband med havbruk til havs.
Det skriv .
Dagleg leiar Kenneth Beitveit seier til avisa at det enda er litt tidleg å gå ut med kva planar dei har med kjøpet av det 58 meter lange supplyskipet, men det er eitt eller anna innafor laksenæringa dei satsar på.
– Planane har vi, men kva det kan ende opp med til slutt veit vi enda ikkje, seier han.
Det snart ti år gamle supplyskipet som har lege i opplag i Dakar dei siste tre åra. Der vil båten bli liggande til slutten av januar, då det er planen å starte ferda mot heimlege trakter.
No skal båten dokksettast for klassing før heimturen startar, opplyser Vestlandsnytt.

Publisert: 30.12.2019 08:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31