Kort fortalt

Har sendt børssøknad

Nortel håpar å vere på børs 18. november.

04.11.2020
Telekommunikasjonsselskapet Nortel i Ålesund har sendt søknad om å bli tatt opp til notering på Merkur Market på Oslo Børs, skriv selskapet i ei børsmelding. Målet er at det skal vere råd å handle Nortel-aksjar på børsen frå 18. november.
, og varsla i samband med kapitalinnhentinga at selskapet ville søke børsnotering.
Merkur Market er ein marknadsplass hos Oslo Børs der krava til å bli tatt opp til notering er enklare å oppfylle enn kva som skal til for å bli notert på hovudlista.

Publisert: 04.11.2020 12:40

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:58