Kort fortalt

Har utvikla kjønnlaus laks

Kan løyse problem med rømming.

06.02.2017
NPK: Gjennom genmodifisering har forskarar i Bergen utvikla ein kjønnslaus laks. Han skal kunne hindre fleire av problema oppdrettsnæringa slit med.
Bioteknologirådet skal vurdere om metoden skal bli lovleg og om laksen i så fall skal merkjast som genmodifisert, skriv Bergens Tidende.
– Desse laksane er alle «hen». Dei smakar like bra som vanleg laks, men vil ikkje kunne gyte med villaks viss dei rømmer, seier genforskar Anna Wargelius ved Havforskingsinstituttet.
Wargelius og teamet hennar meiner den sterile laksen kan bøte på problemet med oppdrettslaks på rømmen.
Sidan metoden forskarane brukar vert kategorisert som genmodifisering, må dei har særskilt godkjenning under norsk lov. Wargelius meiner laksen vil bli meir sjukdomsresistent og innehalde meir omega-3. Ho opnar også for moglegheita til å gjere den resistent mot lakselus.

Publisert: 06.02.2017 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42