Kort fortalt

Har utvikla tareplast

Matvaregigant viser interesse.

09.03.2020
NPK: Ein belgisk gründer har med norsk hjelp utvikla plastemballasje av tare. Matvaregiganten Nestlé har vist interesse for produkta.
– Per no er det mogleg å produsere for rundt 50–60 kroner kiloen, som er for mykje. Målet er å komme ned på mellom 20 og 30 kroner per kilo, da kan vi etter kvart konkurrere med annan bioplast og vanleg plast, seier ingeniør og gründer Guy Maurice til
Han starta selskapet B'zeos for å finne eit materiale som kunne erstatte plast. Og det skulle helst ikkje vere av mais, sukker eller anna plantemateriale som blir dyrka på land. Han enda til slutt på tare og fekk hjelp til utvikling gjennom laboratorium- og kontorfellesskapet Sharelab, som samlar oppstartsselskap innan bioteknologi i Forskningsparkens lokale i Oslo. Der kom han òg i kontakt med Jon Funderud, som er ein av gründerane bak Seaweed Energy Solutions, som har drive med utvinning av tare i eit tiår.
Maurice merka raskt interesse for innovasjonsprosjektet, blant anna frå Nestlé. Dei har gitt midlar til selskapet, og stiller produksjonsutstyr til disposisjon for arbeidet med utviklinga. Maurice bekreftar overfor DN at tareplasten kan vere å sjå i testbutikkane til Nestlé allereie i slutten av 2020, om alt går etter planen.

Publisert: 09.03.2020 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29