Fjord1 Lavik opedal Tersan 11
SOGNEFJORDEN: De fire ferjene som bygges ved Tersan-verftet i Tyrkia skal trafikkere Sognefjorden fra høsten 2026. Illustrasjon: Fjord1
Kort fortalt

Hav Group-kontrakt på ferjesamband

Skal levere ladestasjonane til Lavik-Oppedal.

05.12.2024

Det er Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems (NES) som har inngått kontrakten. Oppdragsgivar er ferjeselskapet Fjord1.

NES skal levere to ladestasjonar og tilhøyrande utstyr som skal lade dei fire autonome ferjene Fjord 1 skal trafikkere sambandet Lavik - Oppedal over Sognefjorden med. Ladestasjonane skal leverast i 2026. Pris på kontrakten er ikkje oppgitt.

Les børsmelding her

Tidlegare i år fekk NES kontrakt med Tersan Shupyard på å vere systemintegrator samt sørge for komplette systemleveransar av kraftsystem, automasjonssystem, og brudesign inkludert navigasjons- og kommunikasjonssystem til dei fire ferjene.

Deretter tildelte fergeoperatøren Fjord 1 ein kontrakt til NES for å utvikle system for automatisering av fartøysfunksjonar og det autonome navigasjonssystemet for ferjene skriv Hav Group i ei pressemelding.

Hav Group står også for design av av ferjene. 

Dei tre kontraktane Hav Group tidlegare har fått knytt til ferjene og ferjesambandet er på rundt 600 millionar kroner, har Hav Group tidlegare opplyst.

Publisert: 05.12.2024 08:24

Sist oppdatert: 05.12.2024 12:35

Mer om