NPK: Havet blir mørkare, og no skal forskarar finne ut av kva konsekvensar det kan ha for økosystemet.
Dei neste fire åra skal både norske og internasjonale forskarar undersøke samanhengane mellom det som skjer i naturen på land og at vatnet blir mørkare, skriv .
– Vi tenkjer at formørkinga av vatnet ikkje er farleg, men kan ha konsekvensar for økosystemet. Det er for tidleg å seie om dette er krise, seier Anders Frugård Opdal, leiar for forskingsprosjektet ved Universitetet i Bergen.
Teorien er at det er meir skog som gjer vatnet mørkare. Vatnet har vorte mørkare i fjordane og langs norskekysten, heilt opp til Barentshavet.
– Når vegetasjonen rotnar, hamnar mykje til slutt i vatnet og det blir brunt. Oppløyste små molekylar i vatnet ser vi som ein misfarge, seier professor Dag O. Hessen ved Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo, til NRK.

Publisert: 02.11.2020 15:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24