NPK: Det trengst forundersøkingar i minst tre år i dei aktuelle områda før ein startar på vindkraftutbygging til havs, meiner havforskarar.
Forskarane meiner det ikkje finst kunnskap i dag som kan føreseie den totale effekten vindkraftanlegg har på havmiljøet i norske havområde.
Det kjem fram i ein ny rapport skriven av forskarar ved .
Den viktigaste konklusjonen i rapporten er at det bør gjerast undersøkingar i område der utbygging er planlagt. Det bør også utarbeidast ein standardisert protokoll for miljøundersøkingar.
– Det vil gi eit samanlikningsgrunnlag for dei forskjellige områda der det vert planlagt slike anlegg, og gi oss kunnskap for råd om opning av fleire område etter kvart, seier forskar Karen de Jong på HI sine nettsider.
Slike protokollar finst i andre land som har komme lenger med havvind, som Tyskland, men må tilpassast norske forhold.
Rapporten anbefaler blant anna at undersøkingar bør gå føre seg i minst tre år, for å ta omsyn til svingingane i fiskebestandane frå år til år. Områda bør også overvakast under drift og etter avvikling, og data bør gjerast ope tilgjengeleg.
Ein bør også unngå utbygging i spesielt viktige og sårbare område, for eksempel områda rundt Lofoten eller ved korallrev.
Rapporten dokumenterer ut frå tidlegare studiar at vindturbinar kan påverke fisk, sjøpattedyr og havmiljø generelt, både under utbygging og medan dei er i drift.

Publisert: 19.11.2020 15:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24