Kort fortalt

Havressurs-senter på Sørlandet

Etablerer visningssenter for havbruk.

29.07.2020
NPK: Trient, storeigar i slaktebåten «Norwegian Gannet, har ei sentral rolle i planane om å etablere visningssenteret «Havet som Ressurs» på Sørlandet.
– Når vi får på plass «Havet som Ressurs» vil publikum på Sørlandet endeleg få eit visningssenter for havbruk. Det skal bli eitt av dei beste i landet, og vil dekke heile sørlandskysten, seier Åge Igland, dagleg leiar for Korshavn Havbruk i ei pressemelding.
Realiseringa av senteret føreset at Sørlandet Visningssenter får positivt svar på søknaden sin om løyve som er til behandling i Fiskeridirektoratet, skriv .
Åge Igland er ein av partnarane i Sørlandet Visningssenter, som vil bli stifta av han saman med «Norwegian Gannet»-eigar Trient.
Vitensenteret Sørlandet vil ha det formidlingsfaglege ansvaret i «Havet som ressurs» og stå for den daglege drifta i Arendal, Kristiansand og Kvinesdal.

Publisert: 29.07.2020 12:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25