NPK: Havyard skipsverft i Hyllestad startar opp igjen drifta på verftet, men med strengare karantenereglar.
Eit koronautbrot blant arbeidarane gjorde at verksemda ved verftet stengde ned 30. september. Måndag 19. oktober tillèt Hyllestad kommune at skipsverftet opnar opp igjen, skriv Bergens Tidende.
– Det blir ein roleg start i forhold til korleis det var før vi stengde ned. Vi er ikkje fulltalige, seier Erlend Hatleberg, dagleg leiar ved skipsverftet.
Berre halvparten av den vanlege arbeidsstyrken er på skipsverftet måndag. Leiinga planlegg å hente arbeidarar frå utlandet neste veke. Det vil skje under strengare regime enn tidlegare, og strengare enn det Folkehelseinstituttet krev, skriv BT.

Publisert: 19.10.2020 13:31
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:58