Kort fortalt

Heilsvart hotell-november

Over 70 prosent av romma sto tomme.

03.12.2020
NPK-NTB: I ni av dei tolv største byane i landet stod over 70 prosent av alle hotellromma tomme kvar einaste natt i november. I Oslo og Bergen er tala endå verre.
Beleggstala er baserte på førebelse novembertal frå Benchmarking Alliance for dei 12 største byane i landet, ifølgje Dagens Næringsliv.
For Oslo viser tala eit gjennomsnittsbelegg på berre 14,3 prosent og ei losjiinntekt per tilgjengelege rom per natt på berre ein dryg hundrelapp. Det er eit fall på 86 prosent frå same månad i fjor. Hotella i Bergen hadde eit belegg på dryge 19 prosent i november.
– Det er absurde tal vi har no fordi denne krisa er så absurd. Det er ei krise vi aldri har sett maken til, seier Christian Lunde i VisitOslo.
Hotellrådgivaren Peter Wiederstrøm ser ingen teikn til lysare tider.
– Det blir snarare verre og verre. Under normale forhold skulle hotella i desse dagar hatt masse julebordstrafikk med høg mat- og drikkeomsetning på toppen. Nesten alt dette er jo borte no, seier han

Publisert: 03.12.2020 08:30

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:12