NPK-NTB: Halvparten av alle jobbar kan gjerast heimefrå, og heimekontor og digitale møte vil bli vanleg i framtida, meiner NHOs sjeføkonom Øystein Dørum.
– Halvparten av alle jobbane kan gjerast heimefrå, også i framtida, seier Dørum til .
Nedstenginga i mars kan dermed for alltid ha endra norsk arbeidsliv. Dette kan igjen få betydning for andre samfunnsområde.
– Viss både bedrifta og dei tilsette synest det er betre at folk jobbar heimefrå, ikkje kvar dag, men fleire gonger i veka, så har det betydning for korleis vi dimensjonerer transportkapasiteten i samfunnet, og det har betydning for korleis vi dimensjonerer kontorlokala i samfunnet. Då kan ein sitje fleire på same plass med skiftordningar, og liknande, seier Dørum.
I Finland, Tyskland, Danmark, Frankrike, Sverige og Nederland har mellom 35 og 45 prosent av arbeidsstokken oppgåver som det er mogleg å gjere heimefrå, viser ein av arbeidsmarknaden i europeiske land.
Dørum trur òg at det vil bli mindre jobbreising i framtida fordi mange har innsett kor effektivt og kostnadsbesparende det er å ha digitale møte.
– Bedrifta er jo pålagd å tene pengar for eigarane sine, og viss dei kan kutte kostnader og samtidig halde oppe produksjonen, så skal dei jo gjere det, seier han.

Publisert: 11.11.2020 08:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24