Kort fortalt

Heimevernet kalla inn

Utstasjonerte ved grenseovergangar.

18.03.2020
NPK-NTB: Forsvaret stadfestar at militære mannskap er på plass ved grensa mot Sverige og at HV-soldater blir sende til fleire grenseovergangar.
Heimevernet seier til at dei første soldatane var på veg tysdag kveld for å støtte politiet med kontroll ved grenseovergangar mot Sverige og Finland.
I helga vedtok regjeringa at alle utlendingar utan opphaldsløyve i Noreg skal bortvisast på grensa som eit tiltak for å hindre ytterlegare spreiing av koronaviruset.
HV-soldatane får avgrensa politimakt og kan dermed gjennomføre arrestasjonar, men dei skal ikkje bere våpen. Til no er 300 soldatar innkalla til oppdraget som varer til 26. mars.

Publisert: 18.03.2020 08:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29