Kort fortalt

Hentar nordmenn heim frå Spania

Norwegian set inn fly.

16.03.2020
NPK-NTB: Norwegian set inn fly for å få hente nordmenn heim frå Alicante og Malaga i Spania tysdag.
– For at så mange nordmenn som mogleg skal komme seg heim dei neste dagane, set vi opp dei største flya våre av typen 787–9 Dreamliner med 344 sete på enkelte ruter. Tysdag vil desse flya gå frå høvesvis Malaga og Alicante til Oslo, skriv informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen i ein e-post til NTB måndag morgon.
Førebels er det sett opp to større fly, i tillegg til dei andre flya som allereie går frå Spania til Noreg, opplyser Sandaker-Nielsen.
Informasjonsdirektøren opplyser òg at dei jobbar for å få til liknande løysingar på andre ruter òg.

Publisert: 16.03.2020 08:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29