Kort fortalt

Hermit Storm ut av opplag

26 permitterte sjøfolk i arbeid att.

03.03.2021


26 permitterte sjøfolk er kalla tilbake i arbeid etter at PSV-en Hermit Storm blir teke ut av opplag, melder Vestlandsnytt.

Dermed er det berre Hermit Pearl som er i opplag av skipa som blir drifta av Remøy Shipping.

Båten har ikkje noko fast oppdrag å gå til, men vil bli sett inn i spotmarknaden, opplyser Karl Johan Bakken i Remøy Shipping til avisa.

Publisert: 03.03.2021 11:42

Sist oppdatert: 03.03.2021 11:52

Mer om