Søre Sunnmøre tingrett har for andre gong på kort tid utsett behandlinga av eit konkurskrav mot sjømatbedrifta Sunsea Seafood på Moltu.
Det skriv lokalavisa .
Bak konkurskravet står fire kreditorar, som ifylgje deira felles advokat Erik Råd Herlofsen har uteståande om lag 18 millionar kroner som betaling for fiskeleveransar til herøybedrifta.
Dei fire kreditorane er Platina Seafood As, North Sea Seafood As, Kjellsea As og Selected Seafood As, skriv Vestlandsnytt.
Første utsetjinga av behandlinga i tingretten skuldast at kravet ikkje var forkynt til Sunsea Seafood sin styreleiar innan fristen på 48 timar.
Måndag var det uklarheiter rundt saksøkte si økonomiske stilling som gjorde at saka blei utsett for andre gong.

Publisert: 27.03.2018 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39