NPK: Sist Noreg hadde ein varmerekord, var i 2014, då gjennomsnittstemperaturen i landet låg 2,2 grader over normalen. No ser det ut til å bli ein ny rekord, 0,2 grader over den førre rekorden, ifølgje Meteorologisk institutt.
– Dette er uvanleg. Vanlegvis pleier rekordar å vere rundt hundredelane. No er vi i alle fall eit par tidelar opp, og det er mykje i verda mi, seier klimaforskar Hans Olav Hygen til .
Han fortel at enkeltår som er ekstra varme, ikkje nødvendigvis kjem av klimaendringar. Men på grunn av klimaendringane, kan varmerekordar kome oftare.
– Det som ser ut til å bli tendensen gjennom året er varmare vintrar og våtare somrar. Dette har vore signaturen til 2020. Dei største endringane framover kjem vi nok til å sjå på vinterstid, seier Hygen til NRK.
På Sunndalsøra på Nordmøre var det 19 grader 2. januar 2020. Januar vart den nest varmaste januarmånaden vi har hatt i landet, fortel meteorolog Kristian Gislefoss.
Vinteren vart den mildaste sidan målingane starta i år 1900. Gislefoss fortel at sommaren var ganske kjølig. Medan november var den varmaste nokon gong i Noreg, 4,6 °C over gjennomsnittet. Normalen er gjennomsnittet frå 1961 til 1990.

Publisert: 29.12.2020 16:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23