NPK-NTB: 40 prosent av medlemmene i NHO Service og Handel fryktar konkurs som følgje av koronakrisa. No ber dei regjeringa om hjelp.
Av bedriftene som fryktar konkurs, har seks av ti allereie tapt 60 til 100 prosent av omsetninga, viser ei fersk medlemsundersøking frå NHO Service og Handel.
– No er kassa snart tom. Det er prekært, og det hastar, seier Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerande direktør i NHO Service og Handel.
– Dei fleste av desse bedriftene vil ikkje kunne få lån frå dei to ordningane som hittil er lagde fram, anten fordi risikoen er for høg sidan all inntekt er borte, eller fordi dei ikkje har pant å tilby banken, seier Kaltenborn.
Undersøkinga viser at tenestenæringa blir ramma gjennomgåande hardare av krisa enn snittet for NHO-medlemmene. Mellom anna har 76 prosent gjennomført permisjonar, medan 41 prosent har likviditetsproblem.
– Vi snakkar dagar og veker før vi kan få ei massiv konkursbølgje. Derfor ber vi regjering og storting om å bidra. Hjelpa må kome no, seier ho.

Publisert: 24.03.2020 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29