Kort fortalt

Hurtigruten deler seg

Skil rutetrafikk og ekspedisjonscruise.

16.10.2020
NPK-NTB: Hurtigruten-konsernet opprettar to nye einingar. Ein skal drive rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes, den andre skal drive ekspedisjonscruise-verksemda.
Dei to einingane skal heite Hurtigruten Noreg og Hurtigruten Expeditions.
Ifølgje konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten Group handlar omorganiseringa om å rigge konsernet for framtida.
– Den nye organiseringa stakar ut kursen for vidare vekst og utvikling både for rutetrafikken langs norskekysten og ekspedisjonscruise. Dette sikrar endå skarpare fokus og endå tydelegare skilje mellom to heilt unike produkt og konsept, seier han i ei pressemelding.
I meldinga står det at arbeidet med framtidig omorganisering av konsernet starta før pandemien.
Hurtigruten Noreg skal fokusere på norskekysten, og frå 2021 vil selskapet drive sju spesialbygde lågutsleppsskip i rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes. Det er enno ikkje tilsett nokon administrerande direktør for den nye eininga.
Asta Lassesen blir administrerande direktør for Hurtigruten Expeditions, med ein flåte på minst åtte små, spesialbygde ekspedisjonsskip.

Publisert: 16.10.2020 07:29

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:54