Kort fortalt

Hurtigruten satsar på landstraum

Fire hurtigruteskip blir bygd om.

26.01.2017
NPK: Fire hurtigruteskip blir for tida gjort klare for landstraum og fleire hamner langs kysten planlegg no å kople seg på.
Når Hurtigruten ligg til kai langs norskekysten vil dei kople skipa på landstraum slik at dei kan slå av dieselaggregata og dermed forureine mindre. Til no er fire hurtigruteskip gjort klare for landstraum og fem andre skip skal følgje etter, skriv NRK.
Allereie frå april kan hamnestellet i Bergen tilby landstraum og fleire andre hamner er i planleggingsfasen. Både Ålesund og Molde er blant hamnene som på sikt ønskjer å kunne tilby straum frå land til hurtigrutene.
Det er hamnene der Hurtigruten har lengst liggjetid som kan vere aktuelle for landstraum. I Molde ligg hurtigrutene til kai i ein time, og det er derfor på grensa for om det løner seg å kople på landstraumen. Ei anna utfordring er at Hurtigruten går for ein spesiell straumplugg som er mykje kjappare å kople til enn det som er vanleg internasjonal standard. Hamnedirektøren i Molde, Olav Akselvoll er derfor usikker på kven som skal betale rekninga.
– Når Hurtigruten stiller med eigne løysingar som går utanom internasjonale standardar, er spørsmålet om det er vi som skal byggje anlegget eller om Hurtigruten ønskjer å gjere det sjølv, seier Akselvoll til NRK.

Publisert: 26.01.2017 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42