NPK: Mange hytteeigarar ringer hyttekommunane for å forhøyre seg om dei slepp skattar og avgifter i hyttekommunen. Fylkesmann ber eigarane om å vente med spørsmål til situasjonen har roa seg.
– Dette belastar kommunane på ein uheldig måte når dei no står midt i ei smittevernkrise, seier assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid i Vestland fylke til .
Mange hytteeigarar tek kontakt med kommunane der dei har hytte for å finne ut om dei kan sleppe å betale avgifter når dei ikkje får lov å dra på hytta. Hæreid oppmodar hyttefolket om å vente med spørsmål om bruk av hytta og om avgifter, til smittesituasjonen har roa seg, for å ikkje belaste kommuneadministrasjonen unødig desse dagane.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Voss herad rosar alle hytteeigarar som har tatt oppmodinga om å dra heim på alvor. Når det gjeld spørsmåla om avgiftskutt og hyttebruk, minner han om at dette ikkje er ein ferie, men at vi skal vere heime for å unngå smittespreiing.
– Eg håper dei har fokus på at dei skal tilbake her seinare, heller enn å ha fokus på at dei ikkje får vere på hytta i krisetider, seier Ringkjøb til NRK.

Publisert: 19.03.2020 15:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29