Kort fortalt

Håpar på 20.000 arbeidsplassar

Sjømatorganisasjonar vil flytte arbeidsplassar heim.

24.01.2017
NPK-NTB: Dei politiske partia bør legge til rette for at 20.000 arbeidsplassar i fiskeforedlinga kan flyttast heim, meiner fagrørsla og arbeidsgjevarar i sjømatnæringa.
– Vi er opptatt av at norske ressursar bør skape norske arbeidsplassar og verdiskaping i Noreg, seier Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i NHO-foreininga Sjømat Norge til Klassekampen.
Han sender saman med tre tunge industriforbund i LO eit politisk notat til næringspolitikarane i alle parti, der dei tek til orde for å stanse «fiskelekkasjen» og danne grunnlag for nye industriarbeidsplassar i Noreg.
Mykje fisk som er fiska av norske fartøy i norsk farvatn, på norske kvotar, går i dag rett til tilverking i andre land, utan å vere innom Noreg. Organisasjonane anslår at 20.000 arbeidsplassar i EU byggjer på norske fiskeressursar, og dei håpar fleire av arbeidsplassane kan flyttast heim.
– Ein må ha eit verdikjedeperspektiv på heile fiskeindustrien. Politikken må ta omsyn til at ein skal ha ein industri som tilverkar fisken og ikkje berre sender den ut av landet, seier forbundsleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) Jan-Egil Pedersen.
Rundt 95 prosent av all sjømat som blir produsert i Noreg blir eksportert. I fjor var verdien av norsk eksport av fisk, krepsdyr og blautdyr til saman 89,2 milliardar kroner, og mykje av norsk sjømateksport går til EU. (©NPK)

Publisert: 24.01.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42