NPK-NTB: Norsk sjømateksport kan få betre konkurransevilkår i Asia fordi USAs president Donald Trump droppar frihandelsavtalen for Stillehavsregionen (TPP).
Hovudkonkurrentane til norsk sjømat er særleg produkt frå Chile, men også frå USA og Canada. TPP-avtalen kunne gitt dei tollfritt tilgjenge i ein marknad med 800 millionar menneske, skriv . Ikkje minst kunne dei fått konkurransefordelen av eit felles regelverk for veterinær- og mattryggleik og eit system for konfliktløysingar.
– Bortfall av avtalen kan bety at den relative konkurransefordelen for konkurrentane fell bort, seier Egil Ove Sundheim, Norges sjømatråds fiskeriutsending til USA.
I 2016 eksporterte Noreg sjømat for rekordhøge 91,6 milliardar kroner, 17 milliardar kroner meir enn året før, som også var eit rekordår. Likevel fall lakseeksporten til Asia med éin prosent.
– Det er spesielt i Japan og Søraust-Asia, men også i Nord-Amerika, at for eksempel chilensk laks konkurrerer med norsk laks, seier Sundheim.
Han trur også Kina kan få større innpass i regionen og bli ei drivkraft og førande på frihandel der som følgje av USAs skroting av TPP.

Publisert: 26.01.2017 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42