Kort fortalt

Høg tillit til styresmaktene

Nordmenn stolar på informasjonen.

05.11.2020
NPK-NTB: Nesten åtte månader etter at Noreg stengde ned, seier meir enn sju av ti nordmenn at dei har høg tillit til informasjon som blir gitt av regjeringa.
Dei siste dagane før dei nye nasjonale tiltaka for å stoppe smittespreiing vart kunngjord torsdag, seier 72 prosent at dei har tillit til informasjon som blir gitt av styresmaktene. Det er 1 prosentpoeng over gjennomsnittet for heile pandemien, ifølgje ei spørjeundersøking frå Opinion.
14 prosent seier dei ikkje har tillit. Resten svarer verken eller.
– Tilliten til informasjon frå regjeringa har vist ein stabil, men svakt aukande tendens i haust, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Norsk koronamonitor frå Opinion har spurt over 71.000 nordmenn korleis dei vurderer informasjon og tiltak frå styresmaktene. Målingane er gjorde kontinuerleg under pandemien.
Torsdag vart det kjent at regjeringa innfører strengare nasjonale tiltak igjen som følgje av den auka smittespreiinga. Det medfører mellom anna landsomfattande skjenkestopp ved midnatt, strengare reglar for private samankomstar og krav om karantene og negativ koronatest ved innreise til Noreg.
Statsminister Erna Solberg (H) tilrår at folk held seg heime så mykje som mogleg i tida framover.
Tilliten til informasjon frå helsestyresmaktene fell saman i stor grad med tilliten til styresmaktene generelt. To av tre nordmenn har tillit til at helsestyresmaktene har sett i verk dei nødvendig tiltaka for å avgrense smitten, ifølgje undersøkinga frå Opinion.

Publisert: 05.11.2020 17:10

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:07