Kort fortalt

Høgare eigenkapitalkrav ved bustadkjøp

Men det gjeld bustad nummer to.

11.11.2020
NPK-NTB: Noregs Bank meiner ein høg eigenkapitaldel ved kjøp av sekundærbustad kan hindre spekulering i bustadmarknaden og bør gjelde i heile landet.
Det kjem fram i høyringssvaret til banken til den nye bustadlånsforskrifta som trer i kraft frå nyttår, skriv . Høyringsfristen gjekk ut tysdag.
«Høy egenkapitalandel ved kjøp av sekundærbolig kan bidra til å redusere risikoen for at investorer selger sekundærboliger i nedgangskonjunkturer og på den måten forsterker et prisfall», skriv Noregs Bank.
I Oslo vart det for tre år sidan innført krav om 40 prosent eigenkapital ved kjøp av sekundærbustad. Kravet er på 15 prosent for kjøp av primærbustad.
Noregs Bank meiner det har ført til at færre brukar bustaden som investeringsobjekt. Det har igjen dempa prispresset, meiner banken.
– Det taler for å la kravet gjelde òg i andre område som kan vere attraktive for investorar i sekundærbustadmarknaden, til dømes nær Oslo, skriv banken, som meiner kravet får «beskjedne konsekvensar» i område med mindre press i bustadmarknaden.
Nordea meiner forslag kan dempe press på bustadprisane òg i Bergen, Trondheim og Tromsø.
Eiendom Norge hevdar eigenkapitalkravet for Oslo har spelt ut rolla si, fordi den kraftige prisveksten i 2017 var påverka av mange investorar, og dermed ikkje bør utvidast til andre delar av landet.

Publisert: 11.11.2020 08:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24