NPK: Få fritidsfiskarar melder frå når teinene forsvinn. Det kan koste dei dyrt.
Yrkesfiskarar er pliktige til å melde ifrå om tapt utstyr, men det er ikkje fritidsfiskarar. Svært få melder teinene sine tapt eller stolne når dei forsvinn, ifølgje Fiskeridirektoratet.
Det kan fort bli dyrt. Politiet opplyser til at det er vanleg å få 6.000 kroner i bot per teine ved brot på regelverket.
Ofte vert stole utstyr dumpa ut på djupare vatn og held fram med å fiske langt utover sesong. Heilt utan at eigaren veit det.
Dersom desse blir funne under eit tilsyn, er det den med namnet på blåsa som vert halden ansvarleg.
– Vi vil i verste fall politimelde dei, seier seksjonssjef for kontrollseksjonen region Midt i Fiskeridirektoratet, Karl Anton Lorgen til NRK.

(©NPK)
Publisert: 05.11.2020 17:09
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:06