Kort fortalt

Høgste oljepris på over tre år

Nordsjøoljen over 72 dollar fatet.

12.04.2018
Eit fat Nordsjøolje vart i morgontimane torsdag handla til 72,45 dollar fatet. Ein må tilbake til desember 2014 for å finne så høge oljeprisar.
Auken kjem på grunn av fare for opptrapping av konflikten i Syria med, og trass i aukande råvarelager i USA.
Siste månaden har oljeprisen stige 10,2 prosent, siste året 28,3 prosent.
Rundt klokka åtte torsdag morgon vert eit fat Nordsjøolje omsett for 72,28 dollar fatet.

Publisert: 12.04.2018 08:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39