Kort fortalt

Høgsterett avviser klimaanken

Natur og Ungdom og Greenpeace må gå via lagmannsretten.

13.04.2018
NPK-NTB: Høgsterett avviser klimaanken til Natur og Ungdom og Greenpeace. Miljøorganisasjonane saksøkte staten for å stoppe oljeboring i Barentshavet.
Oslo tingrett avviste i januar i år kravet frå organisasjonane om at vedtaket om boring i Barentshavet skulle kjennast ugyldig.
Sidan har Natur og Ungdom og Greenpeace anka dommen og argumentert for å få anke direkte til Høgsterett fordi det hasta å få stoppa dei omstridde oljelisensane på grunn av klimatrusselen.
Ankeutvalet i Høgsterett konkluderte torsdag med at klimasøksmålet ikkje får anke direkte til Høgsterett. Saka blir i staden anka til lagmannsretten for vanleg prosedyre.
– Vi er skuffa over avgjerda til ankeutvalet, men ser fram til å argumentere for saka vår i lagmannsretten. Dette kom ikkje som noka overrasking på oss, ettersom det er få saker som går direkte til Høgsterett. Vi meiner likevel det var rett å prøve, seier Greenpeace-leiar Truls Gulowsen.
Det var første gong paragraf 112 i Grunnlova vart prøvd for retten. Miljøparagrafen slår fast at staten skal verne om naturen og miljøet for framtidige generasjonar. Organisasjonane baks søkmålet meiner at den 23. konsesjonsrunden i 2016, der det vart opna for oljeleiting i Barentshavet, bryt med paragrafen og i tillegg er i strid med Parisavtalen.

Publisert: 13.04.2018 07:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39