(NPK-NTB): Verken arbeidsgivarar eller arbeidstakarar i varehandelen meiner det er nødvendig å utvide opningstidene av smittevernomsyn, ifølgje helseministeren.
– Erfaringane frå påska og elles er at dei har gode system, og dei ønskjer ikkje å påleggje tilsette å jobbe ekstra, sa helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse onsdag.
Tidlegare på dagen tilrådde Folkehelseinstituttet at det vart utvida opningstider for matbutikkar og alkoholsal før jul. Onsdag formiddag møttest partane i varehandelen og næringsminister Iselin Nybø (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), for å diskutere problemstillinga.
– Butikkane har ope mykje meir enn vanleg før jul uansett. Det aktuelle var å halde ope søndag 27. i tillegg, men det meiner dei ikkje er nødvendig, seier Høie.

Publisert: 09.12.2020 13:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24