(NPK): Trass nye tal som viser at vegprosjektet Møreaksen vil føra til auka utslepp av CO2-utslepp, ville fleirtalet i fylkestinget i Møre og Romsdal ikkje diskutera prosjektet på nytt under siste møte.
Det fortel
Under møtet føreslo Miljøpartiet Dei Grøne at fylkespolitikarane burde ta ein ny debatt om heile prosjektet som skal gjera det mogleg å kryssa Romsdalsfjorden ferjefritt. Bakgrunnen var ferske tal som viser at prosjektet vil auka utsleppet av CO2 med 7000 tonn årleg samanlikna med ferje, fortel avisa.
Eit fleirtal av fylkestingspolitikarane frå Høgre, Ap og KrF var ikkje opne for ein slik diskusjon under møtet. Det blei både vist til at dei ikkje ville vera med på ein omkamp og at det var for kort tid til å få ei slik sak på bordet.
MDG fekk derimot støtte av både SV og Frp.
(©NPK)

Publisert: 08.12.2020 14:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24