Kort fortalt

Ikkje i stand til å betale krisedagpengar

NAVs IT-system stoppar dette.

19.03.2020
NPK-NTB: Navs IT-system er ikkje i stand til å sende ut dagpengar slik Stortingets krisepakkar har lova.
Navs IT-system har sperringar som gjer at utbetalingar ikkje blir godtekne viss dei bryt med føresetnadene i folketrygdlova. Då blir ikkje pengane sende ut, skriv .
Det betyr at viss ein saksbehandlar i Nav prøver å sende ut dagpengar tre dagar etter at ein arbeidstakar vart permittert, så vil ikkje det gå. Bakgrunnen er at det eigentleg er arbeidsgivar som skal betale permisjonen. Det var eitt av krisetiltaka Stortinget innførte torsdag.
Det kan bety store forseinkingar i utbetalinga av dagpengar i tida framover. Folk som forventar å få utbetalt pengar i april, risikerer å måtte vente til juni, opplyser ein Nav-tilsett til avisa.
– Nav jobbar på spreng med systema sine, så prøver vi å finne andre vegar som ikkje belastar Nav-systemet unødvendig, seier medlem av finanskomiteen Ola Elvestuen (V).
Ei av løysingane som blir vurdert, er at delar av utbetalingane ikkje går gjennom Nav-systemet, men andre kanalar. Det kan bety at løysingane for studentar med deltidsstillingar går gjennom Lånekassen framfor Nav.
Nav fekk 104.300 søknader om dagpengar tysdag og onsdag denne veka. Nesten alle søknadene kjem frå folk som har vorte permitterte av arbeidsgivaren sin.

Publisert: 19.03.2020 19:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29