Kort fortalt

- Ikkje mindre produktive av heimekontor

Men sofaen vert ikkje tilrådd.

19.03.2020
NPK: Nils Brede Moe i Sintef har forska på å jobbe i team via internett, og konkluderer med at heimekontor kan vere like effektivt, om føresetnadene er på plass.
– Det er ikkje slik at virtuelle team gir lågare produktivitet, men det kan vere litt meir krevjande å få slike team til å fungere godt. I forskinga vår har vi funne virtuelle team som er mykje betre enn team som er samlokaliserte, seier forskar Nils Brede Moe i Sintef til .
Han har lenge jobba med å studere team som samarbeider via internett i bedrifter som Spotify, Ericsson, DNV GL, og fleire banker og konsulentbedrifter.
Mindre forstyrringar gjer at ein får gjort meir, har forskarane observert. Til dømes treng ein utviklarar tjue minutt til å komme tilbake til jobben om han blir forstyrra, fortel Moe.
Å få til eit godt fungerande heimekontor og eit godt samarbeid, har nokre føresetnader. Forskarane har sett at det er veldig viktig å snakke saman over video framfor å kommunisere skriftleg. Det er òg ein føresetnad med gode hovudtelefonar, datamaskiner og godt internett.
Vel verd å merke seg, er at forskarane ikkje tilrår å bruke sofaen som arbeidsstasjon, sjølv om det kan verke komfortabelt. Det resulterer i vond rygg. Moe føreslår ein til ein-samtalar medan ein går seg ein tur.
Det er òg viktig å bruke noko tid til å dele litt om kvardagen, kva ein gjer i tillegg til jobb og korleis det er å sitje åleine ein heil dag, fortel han.

Publisert: 19.03.2020 12:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29