(NPK): Koronaviruset og den usikre Opec-situasjonen gir mykje spenning i oljenæringa framover. Fagforeininga Tekna seier dei følgjer situasjonen tett, men ser førebels ikkje noka krisestemning i næringa.
Lise Lyngsnes Randeberg, president i fagforeininga Tekna, seier til at både fagforeininga og oljebedriftene er betre rusta no enn ved førre oljeprisfall.
– Vi har lært, og har ein beredskapsplan. Mange av våre medlemmer blei hardt ramma under oljeprisfallet førre gong, seier Randeberg.
Kommunikasjonssjef i arbeidsgivarorganisasjonen Norsk olje og gass, Kolbjørn Andreassen, meiner industrien vil klare seg, så lenge dei låge prisane ikkje varer i lang tid.
– Vi som industri arbeider langsiktig som ein påliteleg og sikker leverandør av energi. Slik sett skal ikkje turbulensen no påverke oss – så lenge den ikkje blir langvarig, seier han.
Randeberg i Tekna seier dei lærte mykje under førre oljeprisfall, både kva som trengst frå fagforeiningar, og i kva rekkefølge.
– Førre gong skjedde det veldig mykje veldig fort. Vi, som organisasjon, var for eksempel ikkje førebudd på den innsatsen det blei behov for frå våre arbeidsrettsjuristar, seier Randeberg.
(©NPK)

Publisert: 10.03.2020 10:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29