Kort fortalt

Ingen auke i ferjebillettane

- Uaktuelt slik situasjonen er.

10.11.2020
NPK: Eit forslag frå fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal om å auke ferjeprisane med ei takstsone frå nyttår, vil ikkje bli vedtatt i fylkestinget.
Det skriv etter møtet i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal måndag.
Fleirtalspartia i fylkestinget (Ap, Sp, KrF, Venstre, SV og MDG) har enno ikkje eit felles budsjettforslag, men gjorde det klart at det er uaktuelt å auke ferjeprisane med ein takstsone.
Leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim (Sp) sa at det blir heilt feil å påføre næringslivet og innbyggarane store ekstrautgifter no, skriv NRK.

Publisert: 10.11.2020 16:38

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:19