NPK: Kraftforsyninga er godt førebudd til å handtere ein situasjon med auka spreiing av koronavirus, opplyser NVE.
– NVE har hatt gjennomgang med dei sentrale aktørane i kraftforsyninga i landet og fått stadfesta at alle er godt førebudde til å handtere eventuelle smitteutbrot. Drifta går som normalt, med nokre tilpassingar for å ta høgde for at situasjonen kan utvikle seg, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund til nve.no.
Også NVEs eiga verksemd er budd på eventuelle utbrot, og det vert gjennomført ei rekke tiltak for å avgrense smitteomfanget. Dette inneber både auka heimekontorbruk, utsetjing eller avlysing av arrangement og sterkt redusert reiseverksemd.
– Vi følgjer råda frå helsemyndigheitene, og gjer mange tiltak for å avgrense smitteomfanget. Samtidig sikrar vi kapasitet for dei samfunnskritiske funksjonane NVE har, knytt både til kraftforsyning og naturfare, seier vassdrags- og energidirektøren.

Publisert: 13.03.2020 11:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29