NPK: Fiskeriministeren ønskjer å overvake årets skreiinnsig for å spare kysttorsken. Men eit slikt kontrollapparat er førebels ikkje klart, fortel Fiskeribladet.
Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) sa i ei pressemelding i desember at enkelte år har vore kjenneteikna av høg fangst av kysttorsk tidleg på året, i eit torskefiske som går føre seg før innsiget av skrei har starta opp.
– Det kan ha relativt stor effekt å avgrense dette fisket. For første gong innfører vi derfor ei meir dynamisk tilnærming til skreifisket, der vi vil kunne stengje felt dersom det viser seg at skreien ikkje har komme, og at det i hovudsak vert fiska kysttorsk, sa ministeren i meldinga.
Det tidlege torskefisket er allereie i gang, men det er ikkje prøvesamarbeidet mellom Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.
– Vi har registrert ønsket til departementet om å komme i gang med ei overvaking av skrei og kysttorsk langs kysten i nord. Det vil nok vere mogleg, men det krevst eit apparat med prøvetaking og analysar som vi ikkje har klart i dag, seier forskar og genetikar ved Havforskingsinstituttet, Geir Dahle, til
I Fiskeridirektoratet er dei heller ikkje heilt klare til å etablere prøvetaking i tråd med ønsket til fiskeriministeren.
– Men vi er enno tidleg i prosessen med å setje i verk årets reguleringar, og ei deltaking frå vår side i eit slikt prosjekt kan framleis vere mogleg. Umiddelbart ser det ut til at sjøtenesta kan vere nærmaste instans til å ta seg av nødvendig prøvetaking, seier sjef for kontrollseksjonen Thord Monsen.

Publisert: 05.01.2021 12:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23