Kort fortalt

Ingen løfter til bøndene frå Solberg

Kan ikkje love redusert inntektsgap.

18.04.2018
NPK-NTB: Statsminister Erna Solberg (H) kan ikkje love eit jordbruksoppgjer som tettar lønnsgapet mellom bøndene og andre grupper.
– Det vil vere heilt feil om eg skulle seie korleis vi vil legge opp svaret vårt på eit krav som ennå ikkje er levert, sa Solberg i spørjetimen i Stortinget onsdag.
Næringspolitisk talsmann i Senterpartiet, Geir Pollestad, viste til at Stortinget greip inn i jordbruksoppgjeret i fjor. Han ville vite om statsministeren vil sørgje for at oppgjeret i år vil redusere inntektsforskjellane – i tråd med målet til Stortinget.
Solberg nekta å lette på sløret:
– Det vil undergrave heile forhandlingsinstituttet dersom vi skulle informere Stortinget om kva vi legg opp til før vi har gått inn i forhandlingane mellom regjeringa og landbruksorganisasjonane, sa statsministeren.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum minte om at stortingsfleirtalet er annleis enn regjeringspartia.
– Vi veit vi er ei mindretalsregjering. Behandling av landbruksmeldinga i Stortinget legg sjølvsagt føringar for arbeidet til regjeringa, men det må også tilpassast dei økonomiske realitetane og situasjonen på landbruksområdet, sa Solberg.

Publisert: 18.04.2018 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39