Inngår avtale med Momentium
Momentium-sjefen er glad for at Terminalen er planlagt å vere del av Kulturhavna på Sørsida.
Sørsida Utvikling meldte seint i går kveld, 29. november, at dei har inngått ein samarbeidsavtale med Momentium.
Avtalen inkluderar konseptutvikling, mulegheitsstudiar og generelt samarbeid om funksjonar og aktivitetar i Kulturhavna.
– Vi delar engasjementet for at kultur er ei viktig forutsetning for å skape gode byrom og dermed bra byar, seier dagleg leiar i Sørsida Utvikling, Peter Wahl Hareide.
Blir ikkje langstengt
Ein del av avtalen skal sikre at Terminalen ikkje blir stengt i veldig lange perioder i forbindelse med bygging på Sørsida.
Konseptfasa av Kulturhavna startar i januar 2024. Dette blir leia av Sørsida Utvikling, i samarbeid med Ålesund kommune og fylkeskommunen. Både private og offentlege kulturaktørar vil bli sentrale i arbeidet.
Festeavtalen for dagens lokasjon blei også forlenga samtidig som samarbeidsavtalen.
– Vi er veldig glade for å kunne inngå ein avtale der intensjonen er at Terminalen skal vere ein del av Kulturhavna på Sørsida, anten i eksisterande eller nytt bygg, fortel dagleg leiar i Momentium, Ante Giskeødegård.
Publisert: 30.11.2023 09:41
Sist oppdatert: 30.11.2023 09:41