Kulturhavna JAJA architects
KULTURSENTRUM: Både vidaregåande skule og andre kulturfasilitetar er planlagt på Sørsida. Området er mellom anna skissert slik. Foto: JAJA Architects
Nytt

Kjøper tomt for 44 millionar – har ikkje råd til å bygge

Fylket vil bli største eigar på Sørsida, men skuleutbygging heng i tynn tråd.

Det er planlagt at det vil bli etablert vidaregåande skule for estestiske fag, lokale til Teatret Vårt og Ålesund kulturskule på tomta som blir kalla C1, også kjent som Kulturhavna.

Problemet er at fylkeskommunen ikkje har pengar til å bygge skulen som er planlagt på tomta som ligg sentralt i utviklinga av den nye Sørsida-bydelen i Ålesund.

Fylkesutvalet voterte einstemmig tysdag for at Møre og Romsdal fylkeskommune bør kjøpe 70 prosent av aksjane i Sørsida Eiendomsselskap 2 As, som eig tomta.

Kjøpesummen er på 44,17 millionar kroner.

Saka vil bli endeleg behandla i fylkestinget ved et seinare tidspunkt.

Ingen midlar
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak seier til Sunnmørsposten at det ikkje fins midlar til investeringar på Sørsida i økonomiplanen som strekk seg til seg til 2027.

Opprinneleg var ambisjonen ein vidaregåande skule for 900 elevar. I tillegg skulle det etablerast eit barneteater og rundt 100 fylkeskommunale arbeidplassar i området som blir kalla Kulturhavna.

No har planane endra seg, og i framtida kan det bli bygd ein ny skule for i underkant av 500 elevar, ifølgje avisa.

Terminalen og første byggestein
NETT NO har tidlegare skrive om korleis byutviklingsprosjekt Sørsida ligg an.

Neste år vil truleg dei første steinane kome på plass, gjennom utfylling av ei bustadtomt.

I tillegg til dette er Momentium og Sørsida Utvikling samde om at Terminalen forblir, i ei eller anna form, i bydelen.

Sørsida Peter Hareide 4
UTFYLLING: Stein frå Lerstadtunnelen kan bli brukt til å fylle ut området utanfor Sjøgata i Ålesund. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Slik blir innstillinga:
Sidan voteringa var einstemt for innstillinga til fylkeskommunedirektøren, vil fylkestinget votere over denne innstillinga:

1. Fylkestinget godkjenner avtalen om kjøp av 70% av aksjane i Sørsida Eiendomsselskap 2 AS i høve til saksframlegget. Kjøpssummen er på 44,17 mill. kroner. I tillegg kjemdokumentavgift og tinglysingsgebyr på 1,1 mill. kroner. Kjøpet er finansiert med bruk av investeringsfond i økonomiplan 2024-2027 med budsjett for 2024.

2. Fylkestinget godkjenner samarbeidsavtalen mellom partane Sørsida utvikling AS, Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

3. Fylkeskommunedirektøren får mynde til å signere avtalane.

4. Det er ein føresetnad at avtalane også vert godkjende / vedtatt av dei andre partane nemnd i pkt. 2 utan atterhald.

Sørsida Endelegkart

Prosjektet starta opp i 2011
Tidlegare dagleg leiar i Sørsida Utvikling, Kirsti Slotsvik, fortalde i 2021 til NETT NO at ho meinte utviklinga av den nye bydelen har teke lang tid, og at området ikkje framstår på ein bra måte. Då hadde ho trua på at mykje kunne skje med godt tempo framover.

Prosjektet hadde sin spede start i 2011 då det blei kalla for «Sundbyen» og vant arkitektkonkurransen i 2011.

I 2015 kom reguleringsplanen for sørsida av Ålesund sentrum. I 2017 skulle ein ny vidaregåande skule markere starten på prosjektet, og byggeprogrammet var vedteke. Økonomisk krise i fylket gjorde derimot at det ikkje blei noko av, skreiv Sunnmørsposten i 2021.

Kommunestyret i Ålesund har allereie vedtatt sin del av avtalen.

Publisert: 29.11.2023 14:21

Sist oppdatert: 29.11.2023 14:19

Mer om