Sørsida Peter Hareide 1
FØR JUL: Dagleg leiar Peter Hareide i Sørsida Utvikling reknar med å lande avtalen med Momentium om vidare drift av Terminalen før jul i år. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Terminalen blir på Sørsida

Er samde om at konsertscena er ein viktig del av den nye bydelen i Ålesund.

Terminalen forblir på Sørsida, stadfestar dagleg leiar Peter Hareide i Sørsida Utvikling NETT NO.

Samarbeidsavtalen mellom byutviklingsbedrifta og konsertstaden er ikkje spikra heilt enno, men Hareide fortel at dei har ein «god samtale med Momentium for tida».

– Avtalen er på trappene for at Terminalen skal vere på Sørsida, seier han.

Momentium er eigarane av Terminalen - og ein rekke andre uteplassar i Ålesund.

Korleis konsertscena konkret blir drifta vidare, må partane framleis bli samde om.

Momentium inn i konferansemarknaden
SLEKTA: Dei to fetterane som står bak Momentium, Lars Berg Giskeødegård og Ante Giskeødegård. Arkivfoto: Ogne Øyehaug

Økonomi er utfordringa
Det har vore snakk om at Terminalen kan forbli slik det er, eller flytte inn i eit nytt bygg. Hareide seier det også har vore forslag om å bygge Terminalen inntil Devoldbygget.

Ante Giskeødegård i Momentium meiner det er eit kostnadsspørsmål.

– Utfordringa er det økonomiske. Om vi skal bygge nytt, kostar det. Og det kan vere vanskelig å få ein aktivitet som kan forsvare investeringa. Det er lettare å ha Terminalen der det er, seier han til NETT NO.

Likevel krev ei eventuell oppussing eit mål om forutsigbarheit. Giskeødegård seier det då er viktig å finne ein grensegang, slik ein kan tene inn att det som er brukt.

Bekreftar snart inngått avtale
Han bekreftar at dei og Sørsida er samde om at Terminalen er ein viktig del av den nye bydelen og kulturhamna - og at konserstaden skal vere ein del av den.

– Samtalane har vore veldig positive, og vi håper å kome fram til ein intensjonsavtale før jul, seier gründeren.

Samtalane har vore veldig positive, og vi håper å kome fram til ein intensjonsavtale før jul
Ante Giskeødegård

Er blitt ein av Noregs største
Momentium har dei siste åra blitt ein av Noregs største eventarrangørar. Dei opna Terminalen Byscene i den gamle rutebilstasjonen i Ålesund i 2015.

I tillegg driv dei Momentium Festivals og Momentium Live, Løvenvold Theater, T2 Scene og Terminalen Byscene.

I august opna dei ei konsertscene i Stavanger, og i 2024 vil dei også etablere seg i Haugesund.

Frå pluss til minus
I 2022 dobla søskenbarna inntektene i konsernet, Ahl AS. Likevel gjekk dei i minus som følge av langtidsverknadar av korona, ifølgje Ante Giskeødegård.

Folk som ikkje kjøpte billettar, utsette arrangement og vekst i prisar er nokre av årsakene han peika på for minuset.

Momentium eig også 56 prosent av restaurant- og bryggeriselskapet Molo Brew i Ålesund, og er mindre eigar i restaurantselskapet Bro (22,8 prosent) og Dampsentralen (20 prosent).

Alh er direkte, eller indirekte medeigar i konsertarrangører i Tromsø, Trondheim, Bergen og Stavanger.

Alh As (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt143,775,6
Driftsresultat-5,31,9
Resultat før skatt-3,71,2

Publisert: 07.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.11.2023 12:12

Mer om