NPK-NTB: Innovasjon Noreg lettar tilgangen til tilskot, lån og garantiar for å hjelpe kriseramma bedrifter.
– Vi gjer det vi kan for å kome i møte dei utfordringane norske bedrifter møter. Dette tyder at vi kan bidra endå sterkare med offentlege midlar i ei krevjande tid, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg i ei pressemelding.
Der blir det varsla at Innovasjon Noreg set ned rentene med 1 prosentpoeng på lågrisikolån og 1,25 prosentpoeng for risikolån. Renteendringa blir gjennomført for nye lån frå 23. mars og for løpande lån frå 15. april.
Innovasjon Noreg vil òg tilby avdragsutsetjing, og ei rekkje prosessar er forenkla for at det skal bli enklare å utnytte låne- og tilskotsrammene til Innovasjon Noreg.
I tillegg blir oppstartslån auka frå maksimalt 1,5 millionar kroner til 2 millionar, utan at det blir stilt auka krav til kausjon eller eigenkapital.
– Dette er eit viktig akuttiltak for å betre likviditeten, men vi jobbar òg med fleire tiltak i departementet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Publisert: 23.03.2020 13:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29