Kort fortalt

Innovern fryktar nedlegging

Framleis ingen avklaring.

06.09.2022

Munnbindfabrikken Innovern har framleis ikkje fått noko nytt håp for framtida frå styresmaktene.

Sykkylven-bedrifta har venta på ei avklaring om offentlege anbod, og siste beskjed frå Sykehusinnkjøp er at det kjem ei beslutning i løpet av hausten, skriv avisa Nyss.

Innovern-gründer Lars Einar Riksheim ser for seg ulike moglegheiter. Ein av desse er kroken på døra.

– Vi vil gjerne bevare bedrifta, men vi må kanskje tenke nytt. Og gjer vi det, blir heile munnbindproduksjonen lagt ned, seier Riksheim til avisa.

Publisert: 06.09.2022 16:55

Sist oppdatert: 06.09.2022 21:21

Mer om